Aktivitet på huset

Her kjem litt bilder, filmer og informasjon om aktivitet som skjer på huset framover.


 Me i Austrheim Samfunnshus har hatt eit travelt og fantastisk år så langt – og det er takka vere dykk! ❤️

Enten du har kome på fest, støtta oss via spleisen, spist søndagsmiddag eller deltatt på arrangement – kvar og ein av dykk har bidratt til å halde huset levande.


Dette har me fått til sidan mai:

✨ Oppfriska entreen med ny sofa, maling, møblar og koselig stemning

✨ Nedvask av heile huset – kjøkken, kafe, storsal og entre

✨ Starta oppgradering av møterom B (møterom B er forhåpentlig snart klart for små samlingar, kurs og møter)

✨ Ein stor takk til idrettslaget for fantastisk innsats utanfor huset – det ser nydeleg ut!

✨ Måling av delar av huset utvendig


Planar framover:

🔹 Nytt søppelskur

🔹 Oppussing av møterom A og møterom B.

🔹 Fortløpande vedlikehald og drift av huset


Aktivitetar me har hatt:

🎉 Grunnlovsfesten – ein suksess med masse folk og god stemning

🍽 Søndagsmiddag med stor oppslutning

🎨 Sip'n'paint

☀️ Sommarfesten 2. august


Dette kjem framover:

🍽 Søndag 24. august – Søndagsmiddag med kjøttkaker i brun saus, tilbehør og gelé til dessert (påmelding til 901 08 446)

🧘‍♀️ 24. august – Intro og prøvetime til pilates og yoga med Hennie Sommer

🎶 80's fest i september (25 års aldersgrense – utkledning oppfordrast!)

🥳 Basar 5 oktober!

🍺 Oktober – Oktoberfest med kostyme

🎄 November – «Førjulsmånad» med juleverkstad for barn (0–15 år) og foreldre, kanskje med eit nissebesøk 😉

🛍 Julemesse siste helga i november – no fordelt over to dagar for betre plass. Samfunnshuset stiller med eigen merch!


💡 Har du ein idé til kva me kan gjere på samfunnshuset? Skriv gjerne i kommentarfeltet!


Tusen takk for at du støttar oss – me gler oss til å sjå dykk på huset! 🥰